Turar

Turar & fotturar

Merka turar i Stryn — med vanskegrad, tid og startpunkt.

Turane er tips frå lokale, besøkande og andre fjellfolk – del gjerne din eigen favoritt!

Filtrer turane
Vanskegrad
Tid
Skuten

Skuten

Skuten er ein kort og familievennleg tur frå Nedstryn kyrkje, perfekt når du vil ha mykje utsikt utan å bruke heile dagen på fjellet. Turen går gjennom skogen og opp til eit flott utsiktspunkt med benkar og gapahuk. På toppen får du nydeleg utsikt over Strynedalen og Stryneelva, som slyngjer seg gjennom landskapet ned mot Stryn sentrum. Turen tek rundt 30 minutt, og sjølve stien er ikkje veldig bratt, men har nokre trapper og steinete parti.

Vanskegrad
Lett
Tid
30 minutt - 1 time
Startpunkt
Nedstryn kyrkje
Stad
Stryn
Rakssetra

Rakssetra

Ta turen frå Oppheim opp til Rakssetra, ein flott tur gjennom skog og kulturlandskap. Når du kjem opp til setra, får du nydeleg utsikt over Nordfjord, fjella og landskapet. Ein fin tur for deg som vil oppleve ekte vestlandsnatur!

Vanskegrad
Middels
Tid
30 min - 1 time
Startpunkt
Oppheim
Stad
Loen