Om oss
Stryneguiden er laga for å gjere det enklare å oppleve Stryn. Vi samlar opplevingar, aktivitetar, arrangement, mat, overnatting og lokale tips på éin plass.
Vi ønskjer å vise fram det beste Stryn har å by på, samtidig som vi løftar fram lokale bedrifter og aktørar.
På Stryneguiden finn du inspirasjon til ting å gjere, stader å besøke og lokale opplevingar. Vi tilbyr også guida turar med lokale guidar som kjenner Stryn og dei beste plassane i området.
Målet vårt er å gjere det enkelt å oppdage Stryn, både for tilreisande og lokale.
Har du ei bedrift, ei oppleving eller eit arrangement du ønskjer å få med på Stryneguiden? Ta kontakt med oss.
E-post: post@stryneguiden.no
Instagram: @stryneguiden