Vêr

Vêret i Stryn

Vêret i Stryn kan skifte raskt, spesielt i fjellet. Sjølv på fine sommardagar kan temperaturen variere mykje gjennom dagen, og regn og vind kan kome fort. Sjekk alltid vêrmeldinga før du legg ut på tur eller planlegg aktivitetar utandørs. Det er lurt å kle seg i lag og ha med ei lett jakke eller noko som toler regn, sjølv om vêret ser fint ut når du startar dagen. I høgfjellet kan det liggje snø langt utover sommaren, og forholda kan vere heilt annleis enn nede i bygdene. Sjå oppdatert vêrmelding for Stryn på Yr.