Transport og ferdsel
Transport og ferdsel
Stryn kommune er stor, og mange av attraksjonane og opplevingane ligg spreidde mellom Stryn, Loen, Olden og områda rundt. Det er derfor lurt å planleggje korleis du skal kome deg rundt før du startar dagen.
Bil er den enklaste og mest fleksible måten å reise rundt i Stryn på. Med bil kan du enkelt besøkje fleire bygder, attraksjonar og turområde same dag.
Det går buss mellom Stryn, Loen, Olden og fleire av bygdene rundt, men avgangane kan vere få – spesielt på kveldstid, i helgar og utanfor høgsesongen.
Oppdaterte rutetider finn du i Skyss-appen eller i reiseplanleggaren på Skyss. Du kan også bruke Entur for å planleggje reiser, særleg dersom turen går vidare til andre delar av Noreg.
Ruteopplysning: 177
Taxi kan vere eit godt alternativ dersom bussrutene ikkje passar, eller dersom du skal til ein stad utan gode kollektivforbindelsar.
Stryn Taxi
Telefon: +47 57 87 23 50
Det kan vere lurt å bestille taxi på førehand i travle periodar og på store cruisedagar.
I sommarsesongen kan det vere mykje trafikk, spesielt i Olden og Loen på dagar med store eller fleire cruiseskip. Rekn gjerne litt ekstra tid dersom du skal rekke ein aktivitet, buss eller annan avtale.
Planlegg gjerne ruta di før du reiser, spesielt dersom du ikkje har bil. Avstandane kan vere større enn dei ser ut på kartet, og kollektivtilbodet er ikkje like hyppig som i større byar.