1 / 4Rake Hyttegrend ligg idyllisk til ved Nordfjorden, mellom Stryn (7 km) og Loen (3 km). Den vesle hyttegrenda består av fire hytter med flott utsikt over fjorden og ei roleg atmosfære – perfekt for deg som ønskjer å slappe av i vakre omgjevnader. Hyttene har eige bad, godt utstyrt kjøkken, parkering rett ved døra og alt du treng for eit komfortabelt opphald. Her får du nærleik til naturen, samtidig som dei største opplevingane i området berre er ein kort køyretur unna.
Hyttene ligg ved fjordkanten på Rake mellom Loen og Stryn. Alle hyttene har eige bad med toalett og dusj. Tre av hyttene (2,3 og 4) har vaskemaskin. Kjøkken utstyrt med kjøleskap, komfyr og det du treng av utstyr for å kunne lage mat. Tv og wifi. Tre av hyttene har overbygg i framkant slik at ein kan sitje skjerma ute i le for regn og vind. Du har ei eiga bålpanne om du har ønske om å bruke det. I hyttene er det dyner og puter. Du kan velje om du vil ha medbrakt sengetøy / handkle eller om du …

Hytte 1


