USA-kveld med Lahlum – På avgrunnens rand? Demokratiet, USA og tilfellet Trump

Korleis hamna USA i den djupe politiske splittinga vi ser i dag? Og kva står på spel når amerikanarane går til mellomval berre to veker etter dette foredraget? Historikar, forfattar og TV-kommentator Hans Olav Lahlum tek publikum med på ei reise gjennom historia til det amerikanske demokratiet og rettsstaten, frå grunnlegginga av republikken i 1789 og fram til dagens situasjon. Med utgangspunkt i den nye boka si analyserer han utviklinga som har ført fram til eit USA der synet på president Donald Trump er meir polariserande enn nokon gong. Er Trump ein trussel mot demokratiet, slik motstandarane meiner, eller representerer han den nødvendige kursendringa tilhengarane håpar på? Kva rolle spelar visepresident J.D. Vance og MAGA-rørsla i utviklinga vidare? Og held USA på å miste den leiande rolla landet har hatt i den vestlege verda sidan andre verdskrig? Lahlum er kjend for å formidle kompliserte historiske og politiske spørsmål på ein både innsiktsfull, underhaldande og lettfatteleg måte. Publikum kan sjå fram til 90 spennande, lærerike og tankevekkjande minutt om eit USA i endring og eit val som kan få store konsekvensar, ikkje berre for amerikanarane, men for heile verda. Velkomen til ein engasjerande kveld på Stryn bibliotek.