KONSERT Linda Gytri og Timo Alakotila - Havbris frå Helsinki møter fjella i Oldedalen

Godtfolk! Maria Kalaniemi måtte dessverre melde fråfall på grunn av sjukdom, men Timo Alakotila er frisk som ein fisk - og det er eg også. Vi pussar no plutseleg støv av vårt duo samspel. Det er 11 år sidan vi sist spelte ilag då vi gav ut plata "Audire" og turnerte med den. Eg hadde gleda meg så inderleg til at dokke her heime skulle få høyre Maria sin magiske musikalitet - men Timo og eg skal gjere vårt beste for å lage ein fin konsert istadenfor denne gongen. God betring til Maria! Konserten med Timo blir eit duomøte der havbris frå Helsinki møter fjella her heime i Oldedalen - med trekkspel og piano. Musikken blir ein god miks frå plata vi gav ut i 2015 og nye låtar eg har laga dei siste åra. Timo har også med nokre nydelege sololåtar i sekken. Hon Velom- Anne og hon Møyfrid har baka mykje godt, og vi serverar kaffi og biteti frå kl 19.00. Kom og slå av ein prat med nokon du kjenner - eller kanskje ein heilt ny ven! Så byrjar konserten kl 20.00. Varmt velkomne!