Torsdagskringla: Språk og makt med Oddny Irene Miljeteig

Torsdagskringla: Språk og makt med Oddny Irene Miljeteig
2026-11-05
18:00–19:15
Stryn bibliotek, Hegrevegen 1,6783 Stryn
anna
Arrangør: Sancta Sunniva Kyrkjeakademi for Nordfjord og Stryn bibliotek
Lagt til av: Stryn bibliotek
Vaksne
Gratis inngang

Foredrag med Oddny Irene Miljeteig Korleis formar språket samfunnet vårt? Kven slepp til i den offentlege samtalen, og kven blir haldne utanfor? I dette foredraget set samfunnsdebattant, tidlegare toppolitikar og nynorskforkjempar Oddny Irene Miljeteig søkjelyset på samspelet mellom språk og makt. Ho har lang erfaring frå politikk, organisasjonsliv og kyrkjeleg arbeid. Det har gitt henne god innsikt i korleis språk kan skape deltaking, men også ekskludering. Miljeteig har gjennom fleire tiår vore ei markant stemme i samfunnsdebatten, mellom anna som kommunalråd i Bergen og nestleiar i SV. Ho er i dag medlem av Kyrkjemøtet, Bjørgvin bispedømeråd og Mellomkyrkjeleg råd. Velkomen til ein aktuell og tankevekkjande kveld i regi av Sancta Sunniva Kyrkjeakademi for Nordfjord, med Stryn bibliotek som medarrangør.