Bokbad med Margreth Olin – Utan språk for kjærleik

Velkomen til ein varm og tankevekkjande kveld med Margreth Olin på Stryn bibliotek. Torsdag 29. oktober kl. 19.00 møter den prisvinnande filmskaparen og forfattaren publikum til bokbad om den nye romanen Utan språk for kjærleik. Den store kjærleiken, finst han eigentleg, og er han mogleg å halde fast ved? I romanen møter vi ei kvinne som, etter å ha mist mannen sin og levd fleire år i djup sorg, møter att barndomsvenen ho aldri heilt har gløymt. Mellom lengsel og frykt, nærleik og avstand, må ho finne ut om ho tør å opne hjartet for kjærleiken på nytt Utan språk for kjærleik er ei gripande forteljing om sorg, begjær, håp og motet til å elske igjen. Med sitt karakteristiske engasjement og sterke forteljarkraft skriv Olin om kjensler som dei fleste av oss kjenner att, og om kor krevjande og livgjevande kjærleiken kan vere. Arrangementet er eit samarbeid mellom Stryn bibliotek og Stryn bokhandel. Det blir servert kaffe og kake. Gratis inngang.